logo miljødirektoratet

Stiskulen

Rettleiar frå Miljødirektoratet

Friluftslivets ferdselsårer, som stier, løyper og turveier, er viktige for å nå regjeringens mål om at fleire skal drive med friluftsliv i kvardagen. Samstundes er det avgjerande at desse stiane vert laga og vedlikehalde på ein måte som tek omsyn til naturen. For å sikre bærekraftig tilrettelegging har Miljødirektoratet, basert på erfaringane til Statens naturoppsyn, utvikla Stiskulen, som skal hjelpe til med å opprette og vedlikehalde stiar på naturens premissar.

Ein sti skal vise veg til flotte turmål og naturattraksjonar, men òg ivareta dei omkringliggjande naturverdiane, landskapet og dei som brukar stien. Av den grunn må stien opparbeidast med omhug og haldast ved like for å kunne takle både klimapåkjenningar og stor ferdsel. Stiskulen gir tips om nettopp dette, og korleis ein kan gjennomføre eit stiprosjekt for å sikre naturvennleg ferdsel.

Nedanfor finn du ein enkel og fin introduksjonsvideo til Stiskulen:

Ta vare på den stien ein har

Hovudregelen er at ein skal ta vare på stien ein allereie har, slik at han taklar stor framtidig trafikk og svingingar i klima. På denne måten kan han skåne områda rundt mot ukoordinert ferdsel. Om turistar ferdast fritt i terrenget, vil ein ende opp med stiar som berre blir breiare og breiare. Samstundes skal ein ikkje gjere meir tilrettelegging på stien enn nødvendig. 

Ved å skape gode rutinar for tilsyn og vedlikehald, kan levetida til både naturlege og opparbeidde stiar aukast. Dette motverkar slitasje og reduserer behovet for større tilretteleggingstiltak.

Ein omfattande rettleiar

Stiskulen er ein omfattande rettleiar frå Miljødirektoratet som tilbyr praktiske råd og verktøy for å ivareta og utvikle stiar på ein berekraftig måte. Under Stiskulen finn du fleire detaljerte rettleiarar som dekker ulike aspekt av stivedlikehald og -tilrettelegging. Følgjande rettleiarar finst:

Les meir

Ynskjer du å lese meir om vedlikehald av stiar og korleis ein startar eit stiprosjekt, kan du finne meir informasjon på nettsidene til Miljødirektoratet: Stiskulen - miljødepartementet.no