Masteroppgåven "Symjehallen - funksjonell, varig og vakker? Ei analyse av berekraft-perspektiv i plan- og gjennomførings-prosessar i offentlege symjehallprosjekt" har forska på kommunale symjehallprosjekt og omsyn til berekraft i planlegging og innkjøpsprosessar. Symjehallar er, samanlikna med andre idrettsanlegg, rekna å vere "miljøversting". Formålet med oppgåva er å undersøkje korleis symjehallar kan bli miljø- og klimavennlege bygg med god berekraft i levetida.
Problemstilling
Kan symjehallar bli "grøne" bygg?
Samandrag
Bakgrunn
I Norge er det om lag 850 kommunale symjehallar, svært mange av desse vart bygd på 60- og 70-talet og har nådd si fulle livslengd. Symjehallar er både kompliserte og kostnadskrevjande å bygge og drifte.
Denne masteroppgåva har forska på kommunale symjehall-prosjekt og omsyn til berekraft i planlegging og innkjøpsprosessar. Symjehallar er, samanlikna med andre idrettsanlegg, rekna å vere "miljøversting". Formålet med oppgåva er å undersøkje korleis symjehallar kan bli miljø- og klimavennlege bygg med god berekraft i levetida. Problemstillinga i oppgåva er "Kan symjehallar bli "grøne" bygg" og set lys på temaet gjennom 4 forskingsspørsmål relatert til berekraft-perspektiva; samfunn, miljø og økonomi.
Datainnsamling
Datamateriale til oppgåva er samla inn ved hjelp av ei kvantitativ spørjeundersøking til alle nye symjehall-prosjekt i perioden 2017-2018. Alle prosjekt som deltek i spørjeundersøkinga er førehandgodkjent til tilskot frå Spelemiddelordninga. I tillegg er det gjennomført dokumentstudie av symjehall-prosjekt som er utlyst på Doffin i same periode. Samla gjev innsamla data eit godt grunnlag til å studere eigenskapar kring berekraft i symjehall-prosjekt.
Teori
Prosjekt- og innkjøpsteori er lagt til grunn for å svare på problemstillinga i oppgåva. Forsking understrekar verdi av grundig tidlegfaseplanlegging for å lukkast. Grøne og innovative innkjøp er eit sentralt verkemiddel i offentleg sektor for utvikling av lågutslepps-samfunn. Kommunane har, gjennom innkjøpsregelverket, krav om å minimere miljøbyrda eit innkjøp gjev i si levetid. Analyse frå pilotprosjekt frå gjennomførte symjehall-prosjekt syner at miljø- og klimatiltak innan energi- og materialbruk gjev vinstar i form av lågare CO₂-utslepp og lågare driftskostnadar.
Resultat og konklusjon
Økonomiske insentiv-ordningar kan drive fram ei ønska utviklingsretning. Finansiering frå spelemidlane er avgjerande for eit kommunalt symjehall-prosjekt. Resultat frå forskingsprosessen kan tyde på at krav til miljø- og klimatiltak i vilkåra til Spelemiddelordninga vil gjere det meir attraktivt å planlegge for «grøne» symjehallar i framtida. Forskinga i denne oppgåva har avdekka fleire hindringar og drivarar til «grønare» symjehallar. Meir kunnskap og informasjon i innkjøparfunksjonen, hjå rådgjevarar og leverandørar kring miljø- og klimavennlege løysingar er ein sentral faktor for berekraftige symjehallutbyggingar i tida som kjem.