Vikeparken i Ørsta hadde lenge vore ein litt "daud" park, med store, harde flater som ikkje innbaud til aktivitet. Ørsta kommune tok initiativet til å fornye parken, og med økonomisk støtte frå Kulturdepartementet og samarbeid med ein lokal hjørnesteinsbedrift blei Vikeparken betraktelig oppgradert, og døypt om til Tussaparken. Anlegget mottok støtte frå Kulturdepartementet si tilskotsordning for “Nyskapende aktivitetsarenaer” i 2019.
Bakgrunn
Vikeparken i Ørsta vart opparbeid i 2000 og 2001, og ligg sentralt i Ørsta sentrum. Fjorden er nabo i vest, Ørsta småbåthamn i sør og Amfi Ørsta i nord. Den sentrale plasseringa kjem av at parken vart etablert som ein del av sentrumsutviklinga i Ørsta rundt årtusenskiftet.
Til tross for den sentrale og idylliske plasseringa, viste ei kartlegging at Vikeparken ikkje vart særleg mykje brukt. Samanlikna med kor hyppig gang- og sykkelstien som går rundt parken vart benytta, vart parken svært lite brukt. Kartlegginga viste også at barnefamilier som nytta parken sakna aktiviserande innhald. Ørsta kommune ansa derfor potensialet til parken som stort.
Videreutviklinga av Vikeparken var ein del av tettstadprosjektet til Ørsta kommune, som tok sikte på å gjere Ørsta sentrum til ein meir attraktiv stad. Kommunen hadde store ambisjonar, og ynskte at ei fornying av parken ville:
- vere eit grønt samlingspunkt.
- knyte saman menneske, fjell og fjord.
- stimulere til meir eigenorganisert fysisk aktivitet og sansestimlulering.
- skape gode møter mellom menneske på tvers av generasjonar.
Anlegget
Anlegget er opparbeidd på ein stor, open plass. Plenkledde vollar skjermar parken frå Ørstafjorden. I vollane er det også bygd inn amfi, vendt mot parken. Utover plenene på vollane, er underlaget i parken gummi og asfalt. Gummidekket under trim- og leikeapparatene gjer det mindre skummelt og farleg å falle medan ein leiker eller trenar, og gjer det dessutan meir attraktivt å trene eller leike på bakken. Parken inneheld eit vidt spekter av tilbod som innbyr til fysisk aktivitet, til dømes:
- Trimapparat
- Geoball (klatreapparat)
- Balansefasilitetar, t.d. slakkline
- Huske og rutsjebane
- Kuler med vipp og rotasjon
- Nedfelte trampolinar
- Vassleikeområde med vassrenner og moglegheit for å lage vassdammar
- Fasilitetar for parkour og eigenvektstrening
- Trimapparat på utsiden av vollane, slik at ein kan trene medan ein "tek inn fjorden"
I tillegg legg parken til rette for rekreasjon og utandørs liv og har ein rekke fasilitetar, mellom anna:
- Gapahuk med grill. Denne ligg i umiddelbar nærleik til lekeapparata, slik at han kan verte nytta av foreldre medan dei har tilsyn til barn som leiker.
- Sittegrupper for ro og rekreasjon
- Sykkelparkering slik at ein kan nytte aktiv transport
- Offentleg toalett
- Kollektivknytepunkt som forenklar bilfri tilkomst
- Tilgong til straum og vatn for severingsbil eller -vogn
- DJ-post
- Karusell
- Paviljong
- Vasspegel, med parksofa for rekreasjon
Prosessen
Prosjektet vart utført med Ørsta kommune som byggherre. Prosjekteringa vart utført av Norconsult AS, og Norconsult AS var også byggjeleiar for utføringsentreprisen. Utføringsentreprisen vart utført som ein generalentreprise med Tilseth Anleggsgartnar som generalentreprenør. Med seg som underentreprenørar og leverandørar hadde Tilseth Anleggsgartnar:
- Nord-Berg AS
- Tussa Installasjon AS
- Håndverkspartner AS
- Ørsta Vedlikehald
- B&E Partner
- Tilseth Tre og Betong
Brukarmedverknad
Tussaparken er planlagt og gjennomført med svært høg grad av brukarmedverknad. Både ved referansegruppa for Ørsta sentrum og gjennom involvering av barn og ungdom, er parken utforma i samsvar med ynska til brukarane.
Referansegruppa for Ørsta sentrum består av personar frå næringslivet, grunneigarar, innbyggjarar, lag og foreiningar. Det kom fram at referansegruppa ynskte at parken skulle ha kvalitetar som innbaud til at det vart ein møteplass, der ein opphaldt seg og var i aktivitet.
Vidare vart barn frå Barnas Vel barnehage, Velle skule og Vikemarka skule, og ungdom frå Ørsta ungdomsskule, medverka i prosjektet. Barn og unge i aldersgruppa 4 til 16 år har vore involvert i medverknaden. Dette er ei gruppe som vanlegvis ikkje vert involvert i korkje medvarknads- eller planprosessar. Gruppa er likevel relevant å inkludere, då dei gjerne er viktige brukarar av parkar som Tussaparken. Ved å lytte til desse gruppene, var håpet at dei skulle nytte parken flittigare.
Barnas Vel barnehage arrangerte synfaring i Vikeparken for dei eldste barna (4 til 6 år gamle). Deretter fekk barna i oppgåve å teikne sin draumeleikepark. Dette resulterte i 13 teikningar som viste at barna verdsatt mangfaldeg aktivitet, og ynskte både roleg og fartsfylt leik. Blant ynska var:
- Karusell
- Trampoline
- Dissestativ
- Rutsjebane
- Leikehytte
- Sjørøvarskute
- Sandkasse
I tillegg var barna overraskande opptatt av vakre omgivnadar: Dei ynskte både fontene, statue og blomar.
På Velle skule fekk elevane i oppdrag å formidle sin draumeleikepark, anten gjennom teikning eller tekst. Også desse innspela tyda på at barna ynskte mangfold i aktivitetar, og det vart tydeleg at dei ynskte at aktivitetane skulle vere tilpassa deira aldersgruppe. Aktivitetar dei ynskte seg var til dømes:
- Skatebane
- Zipline
- Ballaktivitetar
- Basseng
- Treningsapparat
- Klatrevegg
I tillegg var barna interessert i at parken skulle innehalde benkar, møteplassar og gjerne ein kiosk eller liknande.
Også elevane ved Ørsta ungdomsskule fekk i oppgåve å teikne eller eller skrive om sin draumeleikepark. Ein representant frå kvart klassetrinn fekk i oppdrag å samle inn informasjon frå medelevane sine, og innspela vart samla i lister. Ungdommane hadde mange av dei same ynska som barneskuleelevane, men ynskte også t.d. Tuftepark, grillplass og toalett.
I tillegg initierte Ørsta kommune to kartlegginger av korleis barn og unge nytta Ørsta sentrum. Den eine kartlegginga vart gjennomført ved at elevane i fjerde til sjuande klasse ved Velle og Vikemarka skule skulle markera sine favorittplassar i Ørsta sentrum på eit flyfoto. I den andre kartlegginga vart rørslemønsteret til barn og unge kartlagt ved oppteljing. Begge kartleggingane viste at Vikeparken var ein lite attraktiv og nytta plass for barn og unge. Dette framheva behovet for å oppgradere Vikeparken i samsvar med innspela frå brukarmedverknaden.
For meir informasjon om brukarmedverknaden kan du laste ned nærmiljørapporten frå Ørsta kommune frå Last ned-boksen, øvst til høgre i artikkelen.
Økonomi og finansiering
Oppgraderinga av Vikeparken til Tussaparken kosta 9,1 MNOK. Midla kom frå:
- Ørsta kommune: 3 MNOK
- Private investorar: 2,1 MNOK
- Tilskot til nyskapande aktivitetsarena frå Kulturdepartementet: 4 MNOK
Drift
Parketaten i Ørsta kommune står for sommar- og vintervedlikehold av parken.
Nøkkelpunkt
- Parken ligg sentralt til i Ørsta sentrum, men er samstundes skjerma frå trafikk.
- Med fjorden som næraste nabo til parken og fjella som omkransar bygda, har parken idylliske omgjevnadar.
- Det innbydast til brei bruk av parken. Her kan ein både trene, rekreere eller sosialisere.
- Parken er tilrettelagd for alle aldre. Her kan eldre trene medan barn leiker, ungdom kan grille medan vaksne sosialiserer og det kan arrangerast mindre arrangement.
- Det vart gjennomført svært grundig brukermedverknad: Både barnehagebarn, barne- og ungdomsskulelevar og referansegruppa for Ørsta sentrum har bidratt.
- Barn heilt ned i fireårsalderen har tatt del i brukermedverknaden for prosjektet.
Kjelder
Artikkelen er utarbeidd med utgangspunkt i informasjon frå Ørsta kommune og Tilseth Anleggsgartnar. Takk for velviljen dykkar.