Utsynssirkel i trekronene
Illustrasjon som viser fasilitetene langs Tretoppvegen
Gangvegen snor seg som en spiral mellom furukronene
Kollasj med en trestamme ved siden av en av pilarene i anlegget
Benk i en sving på gangveg hevet over bakken
Kollasj som viser informasjonsskilt og turvegmerking
Plankene som utgjør turvegen er skåret slik at de følger berget
Utsyn fra inni en gapahuk ut på en platting og grillplass
Rasteplassen i enden av Tretoppvegen sett ovenfra
Tretoppvegen bukter seg i en spiral
Utsynssirkel i furukronene, med rasteplass ved siden av
Kollasj med bilder av detaljer fra Tretoppvegen

Hamaren aktivitetspark

Med Tretoppvegen, ein universelt utforma turveg utan sidestykke

Ein rikhaldig aktivitetspark og ein tursti i trevirke blant tretoppane. Hamaren aktivitetspark og Tretoppvegen er verkeleg eit anlegg utanom det vanlege!

Anlegget har teke imot støtte frå Kulturdepartementet si tilskotsordning for nyskapande aktivitetsarenaar.

Artikkelen om Hamaren aktivitetspark er skriven gjennom eit samarbeid mellom Tverga og Gode idrettsanlegg, der Tverga har henta inn informasjonen frå Fyresdal kommune. Anlegget vart fyrst skriven om av Tverga. Deira artikkel kan du lese på Tvergas nettsider:

Hamaren aktivitetspark – tverga.no

Hamaren aktivitetspark vol. 2 – tverga.no

Bakgrunn

Fyresdal er ein kommune som tør å satse. Tidlegare har vi omtalt at Fyresdal kommune sparte 550 tonn CO₂-ekvivalentar på å byggje idrettshall i tre. I 2017 bygde dei ein flott aktivitetspark, og for å auke verdiskapinga, vart ein gangveg i tretoppane bygd. Tretoppvegen stod ferdig i 2023. At Visit Norway kåra Tretoppvegen til den heftigaste reisenyheita i landet i 2023 vitnar om kva suksess anlegget har vorte. 

– Det er ingen som kunne klart å realisere et slikt prosjekt aleine. Det har vore eit fantastisk samarbeid mellom kommunen, næringslivet, arkitektar, byggmeister og ein stor folkeinnsats for å få dette til. Det har vore ein stor politisk vilje for å gjennomføre prosjektet og dei har trudd på idéen og hatt tiltru til prosjektet. Å få til dette i ein kommune med 1200 innbyggjarar er verkeleg sprekt, fortel prosjektleiar Monica Sølyst. 

Anlegget

Hamaren aktivitetspark er eit friluftsområde like utafor Fyresdal sentrum. Sjølve turen starter gjerne i sentrum: Ein kan starte turen på framsida av kommunehuset, på breidda av Fyresvatn, eller ved Gimle skule, som gjerne reknast som inngangen til aktivitetsparken.  

Av fasilitetar i aktivitetsparken finn ein: 

  • Tretoppvegen
  • Rundløype på 2 km med gangbru festa i berget over Fyresvatn
  • Stisykkelløype
  • Stiar
  • Natursti og insektshotell
  • Gapahukar med plattingar og grill
  • Utandørs kjøken, grillhytte og bålplass
  • Utsynspunkt
  • Skiløyper om vinteren
  • Offentlege toalett
  • Tretopptrampoline
  • Badeplass

Universelt utforma turveg

Turvegen er om lag 2 km lang, og snor seg rundt Klokkarhammaren, hagen aktivitetsparken ligg på. De følgjer i i stor grad vasskanten til Fyresvatn. På sitt sørlegaste punkt, der Klokkarhammaren styp bratt ned i Fyresvatn, er det laga ei gangbru som heng utanpå berget. I kvar ende vert denne gangbrua avløyst av gangbruer som er konstruert etter prinsippa for dei gamle tømmerfløytingsrennene som vart nytta i samband med skogbruket i regionen. Det er satt ut bord og benkar fleire plassar langs turvegen, slik at ein kan nyte naturen, ta seg ein kvil eller ete nista si. Heile turvegen er universelt utforma, og er dermed tilgjengeleg for til dømes rullestolbrukarar og barnevogner. Dersom snøforholda tillét det, vert det også køyrt skiløyper om vinteren. 

Dronebilde av Klokkarhammaren med turveg på henger i berget
Turstien følgjer strandlinja til Fyresvatn, og har dermed lite stigning. Legg merke til gangbrua som heng i berget, og "tømmerrenna" han vert avløyst av. Foto: Rasmus Hjortshøj

Klokkarhammaren

Utover den unverselt utforma rundløypa, er det ei rekkje stiar på kryss og tvers av Klokkarhammaren. Blant desse går ein til toppen av Klokkarhammaren, som med sine 343 moh. er det høgste punktet i Hamaren aktivitetspark. Med det ragar han dryge 60 meter over Fyresvatn, som ligg på 280 moh. 

Plassbygd platting og gapahuk i furuskog
Dobbel brødskive med brunost? Eller er du ein av dei som sver til enkle skiver og mellomleggspapir? Uansett kva du har som niste, må dette vere ein fantastisk plass å ete han! Foto: Rasmus Hjortshøj

På toppen finn ein både platting, gapahuk, grill og ved: Her ligg alt til rette for at ein kan setje seg ned og nyte utsynet. 

Platting og benker rundt grill med Fyresvatn i bakgrunnen
Du skal ha rimeleg dårleg tid dersom du haster forbi denne perlen. Legg særleg merke til kor sirleg borda i plattingen er skorne slik at dei går i eitt med omgjevnadane. Foto: Rasmus Hjortshøj

Stisykkelløype

I furuskogen på Hamaren ligg det også ei stisykkelløype. Denne er bygd av franske Bike Solutions, og er einvegskøyrd: Det er ei trasé opp og ei trasé ned. Traséen opp er rimeleg slak takka vere hårnålssvingar, og løypa er av blå vanskegrad. Det betyr at han passar for alle. 

Stisykkelløypa er bygd i terrenget, men består i tillegg av ti element bygd i tre. Totalt er løypa om lag 1 km lang.  

Natursti

Det er også opparbeidt ein natursti i i aktivitetsparken. Her er det satt opp naturstiskilt slik at du kan lære meir om både lokal fauna og flora, og om historie og eventyr. Tema på skilta er knytt til plasseringa av skiltet. Derfor er nokre av skilta plassert langs naturstien, medan andre ligg lengre inn i skogen. Små pilar langs turveg og stiar viser veg. 

Trass i at skilta er retta mot barn, kan alle og ein kvar lære noko frå skilta. Det er elevar ved Gimle skule som har laga skilta. 

Tretoppvegen

Det kanskje aller mest spektakulære elementet i Hamaren aktivitetspark er Tretoppvegen. Denne er 1 kilometer lang, 2 meter brei og universelt utforma. Tretoppvegen buktar seg gjennom furuskogen: Ein går gjennom fleire svingar og ein spiral, før ein ender i en stor utsynssirkel i det høgste punktet. Denne har ein diameter på 45 meter, og ragar 15 meter over bakken. Kan tru dét gir panoramautsikt!

Sirkulær gangveg i tretoppene
Utsynssirkelen er så mektig og imponerande at han knapt ser ekte ut. Foto: Rasmus Hjortshøj

– Vores kerneopgave var at genskabe forbindelsen mellem mennesker og naturen og skabe en æstetisk smuk konstruktion, der føjer sig nænsomt ind i landskabet og giverde besøgende en unik oplevelse. Fjeldstien tager dem med på en langsom og poetisk gåtur gennem trækronerne,der kulminerer i et sus i maven, når de når toppen og ser udsigten over Fyresvatn sø i 60 meters højde over søoverfladen, fortel Tue Hesselberg Foged frå det danske arkitektfirmaet EFFEKT, som har teikna Tretoppvegen. 

– Effekt forsto raskt kva vi ville, og utforma ein fjellsti som sikrar ei bergtakande oppleving for alle. Utforminga og strukturen overstig våre villaste draumar! Tretoppvegen har allereie sett Fyresdal på kartet, og vi gler oss til besøk frå fjern og nær, seier Monica Sølyst, prosjektleiar hjå Faun Naturforvaltning. 

Synfaringsfilm

Tverga har vore på synfaring i aktivitetsparken. Sjå gjerne filmen frå synfaringa:

Prosessen

Lenge såg det ut til at prosjektet ville verte for dyrt til å realisere. Heldigvis kom byggmeister Inge Aamlid opp med ei alternativ løysing for materialvalg som gjorde det mogleg å gjennomføre prosjektet. 

– Opphavleg var det planlagt å byggje søylene i firkanta limtre. Eg føreslo at vi kunne bytte det ut med høgspentmaster i tre, fortel Aamlid. Denne endringa reduserte kostnadane med over fire millionar kroner, og redda dermed prosjektet. Totalt er det nytta 3 km med stolpe, fordelt på 228 stolpepar. Høgspentmastene har oppgjeven levetid på 80 år, og er impregnert med koparsalt. Dermed toler trevirket å stå i jord. 

Mange pilarer bærer ein gangveg i tre
Å nytte høgspentmaster som berande søyler redda prosjektet, då desse var mykje billigare enn den opphavlege løysinga. Foto: Rasmus Hjortshøj

– Inge sitt forslag har vorte veldig bra. Furumastene glir godt inn i naturen her, seier byggjeleiar Aslak Momrak-Haugan.

EFFEKT og Inge Aamlid utvikla saman eit byggjesystem med prefabrikkerte element. Desse kunne verte handsama med lett maskineri, noko som var viktig for å skåne naturen under bygginga. 

Brukarmedverknad

Heilt frå tidlegfase var det stor fokus på brukarmedverknad i utforminga av aktivitetsparken. Alle vart invitert til å meine noko om parken, og både barnehagar og eldresenter har i dialogmøte fremja sine ønske og behov. Prosjektleiinga tok i tillegg kontakt med Norges Handikapforbund, lokale turorganisasjonar og Fyresdal ungdomsråd for innspel. Også det lokale næringslivet engasjerte seg i utbygginga av parken.

Så mange ønske som mogleg vart forsøkt innfridd, og fleire av brukargruppane har også bidratt til realiseringa av parken. Til dømes har elevane ved den barne- og ungdomsskulen laga skilta til naturstien, og rasteplass på toppen av stisykkelløypa. 

Dei ulike plassane og fasilitetane i Hamaren aktivitetspark er namngjevne basert på lokal dialekt. 

Materialar

Totalt gjekk det med 548 kubikkmeter trevirke i bygginga av Tretoppvegen. I dette har gått med 21 km rekkverk og nesten like mykje golvbord. Dei lengste mastene var om lag 17 meter lange, og vog 1,1 tonn. 

Ståldetaljane har ei samla vekt på om lag 43 tonn. I tillegg vart det nytta 125 000 skruer!

Ifølge EFFEKT er både berande konstruksjon, plankedekket og rekkverket er laga av lokal furu. Dermed glir konstruksjonen ekstra godt inn i furuskogen han er bygd i. 

Meir detaljerte tekniske teikningar frå EFFEKT Arkitekter kan du finne i "Last ned"-boksen til høgre på denne sida. 

Utsynssirkel sett gjennom furuskog
At Tretoppvegen er bygd i furu er langt frå tilfeldig. Foto: Rasmus Hjortshøj

Mijlømessig berekraft

Tretoppvegen er bygd i tre. Dette sparar CO₂-utslepp kontra andre byggjematerialar. Dette kjem av at trevirke lagrar CO₂: CO₂-en i trevirket har treet tatt til seg frå atmosfæren før det vart hogd. Dermed er trevirket i Tretoppvegen eit karbonlager i seg sjølv. 

Sosial berekraft

Det er gratis å besøke og nytte alle fasilitetane i Hamaren aktivitetspark. Tretoppvegen er bygd med ein inkluderande design, og turvegen rundt Hamaren er også universelt utforma. I tillegg var målet med prosjektet at alle skulle få oppleve naturen og utsynet, uavhengig av funksjonsevne eller føresetnadar.

For at Tretoppvegen ikkje skulle verte for krevjande, særleg for dei med rullestol, barnevogn e.l., kunne ikkje stigninga overstige 7,5 %. Helst burde stigninga være under 4 %. For å halde stigninga slak nok, vart Tretoppvegen noko lengre enn fyrst planlagd. Høgdeprofil og GPS-spor for traséen til Tretoppvegen kan du sjå på Strava-segmentet "Tretoppvegen opp"

– Her kan du gå eller trille heile vegen til toppen med barnevogn eller rullestol. For å gjere vegen tilgjengeleg for alle er det lagt inn kvileparti undervegs, fortel byggjeleiar Aslak Momrak-Haugan. 

Aktørar og leverandørar

  • Arkitekt: EFFEKT
  • Prosjektleiing: Faun Naturforvaltning
  • Entreprenør: Byggmester Inge Aamlid AS
  • Visuell identitet: M8 Design

Utfordringar undervegs

Trass i at bygda no kan skilte med ein unik veg i tre, har ikkje prosjektet berre vore plankekøyring. Då koronapandemien sette ein stoppar for reising måtte det danske arkitektselskapet EFFEKT teikne og planleggje Tretoppvegen med utgangspunkt i kartinformasjon og GPS-punkt dei fekk tilsendt. Danskane laga ein 3D-modell, som entreprenøren attskapa i terrenget. 

At ein ruskete haust vart avløyst av ein skikkeleg streng vinter skapte også utfordringar for bygginga. Utover kulda, gjorde halvannan meter snø reisinga av mastene ekstra utfordrande. Entreprenøren klarte likevel strabasane, og vert rost for si dyktigheit. 

Økonomi og finansiering

Anlegget tok imot fire millioner kroner gjennom Kulturdepartementet si tilskotsordning for nyskapande aktivitetsarenaar. I tillegg har fleire av fasilitetane teke imot støtte gjennom spillemiddelordninga. 

Det lokale næringslivet innsåg også at Tretoppvegen kunne bidra til verdiskaping og vekst for kommunen. Derfor var det fleire lokale verksemder som støtta anlegget, eller bidrog på andre måtar. 

Anlegget er ope og gratis for alle, og har derfor ingen inntekt frå besøkande. 

Nøkkelpunkt

Om du har lese heilt hit, og ikkje minst sett bileta, treng du vel inga forklaring på kvifor dette anlegget skil seg ut?

Dersom du fortsatt ikkje er overbevist, sjå nok eit bilete av Tretoppvegen under. 

Tretoppveg som snirkler seg blant furukronene
Tretoppvegen snirklar seg slakt opper mot toppen av Klokkarhammaren blant furukronene. Foto: Rasmus Hjortshøj

Referansar

Artikkelen er utarbeida med informasjon frå Tverga, Fyresdal kommune og EFFEKT Arkitekter.